Kjell Tore Innervik, activities

home

MUSIKKAKADEMIET: Persephassa
Mandag 22. november kl 19.00
Levinsalen

Pris: 50/150

Konserforedrag om den greske komponisten Iannis Xenakis av Ivar Frounberg og Kjell Tore Innervik.

Program

Estetikken i komposisjonane til greske Iannis Xenakis overskrir kva ein normalt ventar av musikk. Han bruker matematikken som ein reiskap til å komponere lydlege landskap – landskapa refererer til livet hans og ungdomsåra med politiske demonstrasjonar i Athen som kommunistisk "terrorist".

Korleis skal vi lytte til musikken hans? Korleis skal musikarar stelle seg til at det ikkje er melodiar? Det er heller ingen harmoni, og rytmane er komplekse og gir ikkje kjensler puls som vi er vane med.

Ivar Frounberg har jobba saman med Iannis Xenakis og vil gi nokre innfallsvinklar til korleis ein kan finne meining i opplevinga av Xenakis sine lydlandskap.

Kjell Tore Innervik og slagverkstudentane ved Musikkhøgskolen vil eksemplifisere med blant anna verket Persephassa for 6 slagverkarar.

 

kjell tore innervik 2011